Hopp til innhold

Rykte ut til melding om innbrot

Klokka 0749 rykte politiet ut til melding om pågåande innbrot i ei fellesbod i Zetlits Gate i Bergen. Ein ukjent mann var blitt observert. På staden trefte politiet ein mann i 50-åra og ei kvinne 40-åra, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Det skal ikkje vere gjort skadeverk, men dei to hadde forsøkt å ta nokre posar med klede. Alt er tilbakelevert, og politiet opprettar sak på forholdet.