Hopp til innhold

Bustadbrann i Alver sløkt

– No klokka 11.39 er brannen meldt sløkt, seier aktkommandør Helge Lund ved 110 Vest.

Mannskap frå tre stasjonar rykte i føremiddag ut til melding om bustadbrann i Lyngmarka i Alver.

Brannen vart meldt klokka 10.46, og det brann i ein bustad i to etasjar, skreiv politiet på X. Det var meldt om mykje røyk og opne flammar.

To personar var registrerte på adressa. Politiet fekk etter kvart kontakt med eit familiemedlem til dei to som bur i huset, som kunne opplyse at dei to ikkje var heime.

Ingen personar skal ha kome til skade i hendinga, skriv politiet på X.

– Huset har fått store brann- og sotskadar innvendig og er ikkje råd å bu i, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.