Hopp til innhold

Rusa mann skapte frykt i Måløy

Politiet måtte i natt rykke ut til ein bustad i Måløy.

Meldaren som tok kontakt med politiet vakna av at ein rusa mann slo på vindauge og reiv og sleit i døra. Etter kvart gjekk mannen frå staden.

Politiet fann etter kvart mannen som var svært rusa. Det viste seg at han hadde gått til feil hus. Politiet hjelpte mannen til rett hus, melder dei på X.