Hopp til innhold

Røykutvikling frå motoren på ein personbil

110-sentralen melde om ein brann i eit køyretøy inne på området til Esso i Kanalveien i Bergen. Det var ingen flammar på staden og dei fekk kontroll etter kort tid. Røyken kom frå motorrommet på ein personbil.

– Ingen dramatikk, melder politiet.

Like før klokka 11 har brannvesenet reist frå staden, og politiet melder at dei er i dialog med bilføraren. Sjåføren ordnar sjølv med bilberging.