Hopp til innhold

Røyk frå båt i Bergen

Naudetatane har rykka ut til Skålevik ved Kjøkkelvik i Bergen etter meldingar om røyk frå ein 30 fots cabincruiser. Båten låg ca 20 meter frå land. Mogleg røyk skylder vatn i motor og kondensrøyk, skriv politiet på Twitter. Ifølge brannvesenet er det ikkje snakk om brann, men båten tar inn vatn og det blir utført lensing. Det var to personar ombord, men det er ikkje meldt om at nokon er skadd.