Hopp til innhold

Rema 1000 i Bergen ramma av godstogulukka

Laurdag blir kundar ved Rema 1000 på Wergeland i Bergen møtt av følgande beskjed:

«Leverandør er dessverre ramma av togavsporing i Arna, og vil derfor ikkje vere leveringsdyktig på alle varer. Vi beklagar ulempa dette medfører».

Kjøpmann Preben Madsen opplyser til NRK at det er snakk om at dei ikkje har fått inn tre-fire pallar frukt og grønt til Wergeland-butikken som var på veg vestover.

Dette er no returnert til Oslo, der omlastingsstaden er, og skal bli frakta med lastebil til Vestlandet att, opplyser han.

– Dette er varer som skulle ut i dag, men det er ikkje så mykje vi kan gjere med det. Det tek sikkert litt tid, men eg trur vi har gode avtalar så dei får det til. Eg oppfattar at vi skal vere oppe og gå att på søndag, seier Madsen.

Rema 1000 slit med varer etter togulykke
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK