Hopp til innhold

Regiontog med 200 passasjerar blir trekt ut av tunnel

Regiontoget frå Oslo til Bergen har blitt ståande i ein tunnel ved Arna stasjon som munnar ut mot Takvam, etter at eit godstog spora av.

Bane Nor opplyser først at dei 200 passarsjerane måtte gå ut av den over ein kilometer lange tunnelen, før dei blir møtt av bussar som køyrar dei til Bergen.

No opplyser Vy at dei skal sleppe å gå ut av tunnelen, men at ei arbeidsmaskin frå Bane Nor skal trekke toget ut med passasjerane om bord.