Hopp til innhold

Redningsaksjon etter båtvelt

Hovudredningssentralen fekk klokka 16.50 melding om at ein båt hadde kantra ved Brattholmen ved Lepsøy i Bjørnafjorden kommune.

Ifølge meldaren var det sett tre personar som stod på kjølen til ein liten båt.

Kystvakta, Luftambulansen og brannvesenet er ute og søker etter båten, melder Vest politidistrikt. I tillegg deltek også ein ambulansebåt og ein losbåt.

Redningsleiar Jan Øyvind Rekeland hos Hovudredningssentralen i Sør-Noreg sa i 17.30-tida til BT at dei då sjekka ut ein båt som ikkje låg opp ned, men som kan ha vore den innringaren viste til.

– Den båten har tre personar om bord. Vi sjekkar om dei treng hjelp, sa han.