Hopp til innhold

Redningsaksjon då kvinne gjekk seg vill i byfjella

Torsdag ettermiddag var Raudekrossen involvert i ei redningsaksjon då ei ung kvinne kom bort frå stien i byfjella i Bergen. Ho var ikkje kjent i området, men fann fram til Dyrhøgda-hytta, som var låst. Ho var godt kledd i det dårleg veret, og fekk hjelp til å komme seg ned att av tre personar frå Raudekrossen. Dei var tilbake i sentrum klokka 1735, og kvinna er uskadd.