Hopp til innhold

Raudt vil ha tilbake verna bedrift

Attføringsbedrifta Beredt må få tilbake kantinedrifta i fylkeshuset i Bergen, krev Raudt som tek saka opp i fylkestinget neste veke. Det har kome reaksjonar at fylkeskommunen vraka Beredt og gav oppdraget til eit selskap som ikkje har inngått tariffavtale. NRK har vore i kontakt med dei andre fylkestingsgruppene, men så langt er det ingen som har bestemt seg for om dei vil støtte forslaget frå Raudt.