Hopp til innhold

Politiets beskjed til russen: Ta omsyn, og ha det kjekt!

Nesten ingen har klaga på russen i Vestland så langt i den første helga i årets russetid.

– Det ser ut til å ha gått veldig bra, seier operasjonsleder Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.

Laurdag kveld er det berre registrert klage på høg musikk frå ein russebuss i Nordfjordeid.

Han vonar resten av russetida også blir relativt roleg.

– Ta omsyn og ha det kjekt. Ta vare på kvarandre, oppmodar Rebnord.