Hopp til innhold

Politiet tek Ryde til retten

Politiet tek Ryde til retten, melder Bergens Tidende.

Årsaka er at Ryde har nekta å betala førelegg på 400.000 kroner for brot på brann- og eksplosjonsvernlova etter fleire brannar i lokala deira i 2021 og 2022.

No stadfestar politiadvokat Kathrine Kannelønning i ein e-post til Bergens Tidende at dei førebur seg til rettssak, skriv avisa.

Det er førebels ikkje bestemd når rettssaka skal gå.