Hopp til innhold

Politiet ønskjer tips etter brannen på Nattland

Eit vitne såg nokon springe frå staden, seier politioverbetjent Therese Sagstad til Bergens Tidende.

Ho seier det ikkje er sikkert at dette er relevant for saka, men politiet ønskjer kontakt med den observerte personen og andre som har sett eller høyrd noko i området i går kveld.

Videoovervaking frå området mellom klokka 22 og 23 er òg av interesse for politiet.

14 bebuarar vart evakuert frå blokka som brann på Nattland måndag kveld, og politiet har i dag tatt vitneavhøyr av dei som bur i blokka.