Hopp til innhold

Politiet leitar etter sakna gut

Ein familie i Bergen har meldt sonen sin på åtte år sakna. Han har vore vekke sidan klokka 19.00, og vart sist sett på ein leikeplass ved Adolph Bergs svei. Politipatrulje og hundepatrulje er på staden. Guten kjem frå Etiopia, har på seg svart bukse og grå genser. Politiet ynskjer tips på 02800.