Hopp til innhold

Politiet åtvarer mot farlig stoff i omløp i Sunnfjord

Politiet åtvarar om at det er svært farlege narkotiske stoff i omløp i Sunnfjord. Spesielt blir det vist til eit nytt og til no lite kjent syntetisk opiat, som heiter Metonitazen.

Det er lite dokumentasjon knytt til konsentrasjonen av stoffet, men det blir rekna som svært sterkt, opplyser politiet i ei pressemelding.

Det følgjer også ein stor fare for overdose med inntak av dette stoffet.

– Det er fare for livstrugande forgifting, pustestopp, overdose og død ved bruk, seier stasjonssjef Wenke Hope.

Politiet opplyser at stoffet er kopla til eit dødsfall i Sunnfjord.