Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot oppringingar

I kveld har politiet fått fleire meldingar frå folk som er ringt opp frå 55919100. Dei får opplyst at konto er hacka og/eller at det er tatt opp lån. Dei ber om passord og identifikasjon. Nummeret som det blir vist til er frå Bergen sør politistasjon. Politiet seier ingen derfrå eller frå andre av deira nummer ringer om slikt. Dei ber folk om å ikkje svare og legge på røyret fordi dette er svindel.

Bergen politistasjon
Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK