Hopp til innhold

Personbil og MC i ulukke ved Dyranut

Ein personbil og ein MC har kollidert eit par kilometer aust for Dyranut på Hardangervidda, melder politiet. Alle dei involverte er ute av vegbana. Politiet skriv at sjåføren av MC-en, ein mann i 70-åra blir frakta til Voss sjukehus. Han var medviten etter ulukka. Trafikken går som normalt på staden.