Hopp til innhold

Ungdommar prøvde å tenne på benk og sparkesykkel

Brannvesenet er på veg til Totlandsvegen i Bergen etter melding om ungdomar som skal ha forsøkt å sette fyr på ein benk og ein sparkesykkel. Det skal dei ha mislukkast med.

Brannvesenet rykka også ut til mogleg brann i ein personbil i Folke Bernadottes vei Fyllingsdalen i Bergen. Det kom melding klokka 18.17 om at det knitra, lukta svidd og kom røyk frå bilen. Vel framme på staden har brannvesenet ikkje sett nokon opne flammar, opplyser vaktleiar Jostein Steinsland Hauge ved 110-sentralen til NRK.