Hopp til innhold

Person skadd i elsparkesykkel- ulykke

Naudetatane rykkjer ut til sentrumsvegen i Husnes i Kvinnherad etter at ein person er skadd etter fall frå ein elsparkesykkel. Pesonen datt av i stor fart. Vedkommande er vaken, men det er elles ukjent skadeomfang, melder Vest politidistrikt.

– Ambulansen er framme på staden og personen blir frakta til legevakta, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt. Han kjenner ikkje til skadeomfanget eller alder på personen.