Hopp til innhold

Person funnen død i Nordåsvannet

I samband med søk med ROV i Nordåsvannet i Bergen i dag, vart det klokka 17.28 meld om funn av ein død person, opplyser Vest politidistrikt.

Dykkarane til brannvesenet hjelpte til med å få personen opp til land.

Vedkommande er førebels ikkje identifisert og vil bli obdusert.

Politiet har ikkje stadfesta at dette er kvinna som vart leita etter 6. april, men dei skriv at pårørande er varsla om funnet.

Leiteaksjon i Nordåsvatnet, person vart funne død
Foto: Hannah Amanda Hansen / NRK