Hopp til innhold

Lova ferdig tunnel innan seks år – Nordhordlandtunnelen ikkje prioritert

Ringveg aust med Nordhordlandstunnelen på E39 mellom Klauvaneset og Vågsbotn blir ikkje prioritert dei næraste seks åra, kjem det fram i NTP.

I førre veke lova regjeringspartia å bygga tunnelen innan seks år. Regjeringa vil investera 6,9 milliardar på vegen som knyter Bergen og Nordhordland saman, men vegen ligg ikkje inne som prioritet dei første seks åra av planperioden.

– På pressekonferansen blei det sagt offentleg at det er klart for oppstart så snart planane er godkjende, og det var i første periode, seier ordførar i Alver kommune, Sara Sekkingstad (Sp). Ho seier ho er overraska over at vegen ikkje står som prioritert i første periode.

– Men samtidig ventar eg at det dei sa på pressekonferansen stemmer.

«Bergen har det mest sårbare veinettet av de store byene i form av begrensede muligheter for omkjøring. Dette gir store utfordringer for beredskapen og lite forutsigbarhet for næringslivet», skriv regjeringa i NTP. Dei peikar på E39 Ringveg øst (Vågsbotn-Klauvaneset) som noko som vil gi betre føreseielegheit i regionen.

Frp i Bergen kallar tidsforseinkinga eit løftebrot. Det er Marte Mjøs Persen, transportpolitisk talsperson for Ap, heilt usamd i. Ho peikar på at prosjektet no for første gang faktisk er inne i nasjonal transportplan.

– Det er utruleg viktig. Det at det no er ein ny måte å gjere dette på, med ein tolvårsperiode, betyr jo at prosjekt som finn gode og effektive løysingar på utfordringane samfunnet har, kan bli gjennomført tidlegare, seier Mjøs Persen.

Sara Hamre Sekkingstad (Sp), ordførar Alver kommune
Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK