Hopp til innhold

Overgrepssak i Sunnfjord: – Letta for at etterforskinga er i gang

Bistandsadvokat Robert Fonn representerer ein vaksen mann som er fornærma i saka der ein mann er fengsla og sikta for ei rekke overgrep i Sunnfjord.

Fonn seier klienten hans blei utsett for overgrep i barndommen, og stadfestar at han er i slekt med den sikta mannen.

– Det er ein vanskeleg situasjon å forklare seg til politiet om overgrep som har skjedd i barndommen, så han har det ikkje bra, men er letta for at etterforskinga no er i gang, seier Fonn.

Mannen vart pågripen tysdag denne veka, og torsdag fekk han to vekes fengsel med brev- og besøksforbod av Sogn og Fjordane tingrett.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå politiadvokat Sissel Kleiven, men til BT stadfesta ho torsdag at avhøyr av mannen er i gang.