Hopp til innhold

Ordføraren på Tysnes har søkt ny jobb

Tysnes-ordførar Synnøve Bakke (Ap) står på søkjarlista som ny dagleg leiar i Frivilligsentralen på Tysnes, viser søkjarlista som NRK har fått innsyn i.

Bakke vart valt til ordførar på Tysnes i fjor haust, etter eit valteknisk samarbeid med INP.

– Me bur på ein liten stad, eg er i slutten av 50-åra når eg er ferdig med denne perioden, seier Bakke til NRK, og legg til:

– Det er ein draumejobb for meg. Difor har eg også søkt han, seier ordføraren.

Bakke meiner det er udramatisk at ho har søkt.

– Då har eg ein jobb å gå til når ordførarperioden er ferdig, og slepp til dømes kommunal etterløn, forklarar ho.

Ifølgje Bladet Tysnes skal dagens leiar av Frivilligsentralen gå av med pensjon til sommaren i år.