Hopp til innhold

Ordførar i Alver vann Påskelabyrinten

– Dette var veldig, veldig kjekt! Eg blei heilt mållaus.

Det seier Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver kommune (Sp), og fersk vinnar av NRK sin Påskelabyrint. Ho seier at finalen var vrien.

– Eg hadde funne fram til Neidenfjorden, men kopla heilt ut og enda med å svare Kabelvåg. Det irriterer meg endå, seier ho på telefon frå ei hytte på Geilo.

Sekkingstad var med i finalen laurdag formiddag og stakk av med sigeren, eit reisegåvekort på 10.000 kroner.

– Blir det tur til Neiden, no då?
– Det blir det ikkje, ler ho, og legg til at reisemålet truleg blir Milano, eller ein annan stad i Italia.

Sigeren blir feira med ein tur i slalåmbakken med familien og hyttekos med vener.

Påskelabyrinten er eit quizprogram der deltakarane skal fram til ulike reisemål. Det blir leia av Viggo Valle. På bildet sit Hamre Sekkingstad i midten, saman med ektemannen og hans kusine.

Sara Hamre Sekkingstad saman med ektemannen og kusina til ektemannen på ei hytte på Geilo.
Foto: Privat