Hopp til innhold

Opphever planar for ny veg i Øygarden

Planen for å bygge ny fylkesveg mellom Kolltveit og Ågotnes i Øygarden er ugyldig. Det slår Statsforvaltaren i Vestland fast.

Store delar av vegen er tenkt å gå gjennom urørte naturområde med kystlynghei. Etter ei klage frå Forum for Natur og friluftsliv Hordaland, slo Sivilombudet i fjor slo fast at naturmangfaldlova ikkje var godt nok vurdert.

No peikar statsforvaltaren på at kunnskapsgrunnlag var for dårleg då dei sjølve og kommunen gjorde sine vedtak i 2021. Vidare slår dei fast at omsynet til naturmangfald står særleg sterkt for den nye vegen frå Kolltveit mot Ågotnes.

Samstundes held dei fast på planane for vegen frå Kolltveit til den nye Sotra-brua, og viser til at ein i mindre grad påverkar urørt natur der.