Hopp til innhold

Nytt søk med hundar etter brannen på Møllendal

Onsdag førre veke brann det i eit verna bygg på Møllendal i Bergen og naboar fortalde at dei vakna til eit flammehav.

I går gjorde politiet eit nytt hundesøk etter leivningar på staden, som var utan funn. Tysdag snart ei veke etter brannen kan ikkje politiet seie noko meir om årsaka til brannen.

– Det er veldig utbrent der. Vi vil frigje bygget no kvart augeblikk, og det er ikkje mogleg å gjere ei åstadundersøking, fordi det er så nedbrent, seier politioverbetjent Therese Sagstad til NRK.

Etter brannen bad politiet publikum om tips, og Sagstad seier dei har fått nokre tips som går på videoovervaking rundt omkring. Desse tipsa blir no undersøkt.

– Det er framleis ein teori på at nokon kan ha opphalde seg i bygget, men ingenting tyder på at det har vore personar i bygget medan det brann.

Se brannvesenets dronebilder fra Møllendal-brannen