Hopp til innhold

Nytt leiarteam på McDonald's

Den døgnopne McDonald's-restauranten i Laguneparken skal få ny leiar. Det skriv BA.

Det har blitt fortald fleire oppsiktsvekkande historier frå restauranten den siste tida, der blant anna tilsette har fortalt om dårlege arbeidskår og lite eller ingen tid til pause eller toalettbesøk.

No har toppsjefen i McDonal's i Noreg stadfesta at restauranten får ein heilt ny leiing.