Hopp til innhold

Ny redaktør i Nordfjord-avis

Styret i Fjordenes Tidende AS har tilsett Håvar Fagerli som ny redaktør og dagleg leiar. Fagerli kjem frå jobben som områdeleiar eigedom i Vestland fylkeskommune. Fjordenes Tidende har om lag 4.500 abonnentar og 10.000 lesarar, og er heileigd av Sunnmørsposten.