Ny fylkesveg gjennom Alver opna i dag
I dag opna den nye vegstrekninga mellom Marås og Soltveit på fylkesveg 565 i Alver kommune.
Opninga vart markert med stort oppmøte, og det var fylkesordførar Jon Askeland som fekk klippe snora.
Den nye vegen på 7,5 kilometer har teke tre år å byggje, og er det største prosjektet i Nordhordlandspakken.