Hopp til innhold

Norled må betale to millionar

Norled må betale to millionar kroner i gebyr for eit brot på energilova. I samband med elektrifiseringa av sambandet Årvika-Koparnes, bygde reiarlaget eit ladeanlegg på Årvika ferjekai i Sande kommune i Møre og Romsdal.

Dette skjedde før NVE hadde behandla konsesjonen og gjeve løyve til anlegget.

NVE, som har gjeve Norled gebyret, skildrar lovbrotet som alvorleg.

– Dette undergrev heile konsesjonsordninga, og er noko vi vil slå hardt ned på framover, seier seksjonssjef Anne Johanne Kråkenes.