Hopp til innhold

Mykje svart røyk frå Næringsbygg i Stryn

110-sentralen melder om mykje svart røyk frå eit næringsbygg hjå Stryn betong. Innringar er ein forbipasserande, opplyser politiet på X. Det skal så langt ikkje vere observert flammar. Det er og uvisst om det har vore folk i bygget, men det er ikkje opplyst personskadar. Brannmannskap er på staden. Politi og ambulanse på veg. Representantar frå firma er også på veg.