Hopp til innhold

Moped og bil i trafikkulykke

Politi og ambulanse har rykka ut etter at ein bil og ein moped har hamna i ei trafikkulykke i Måløy. Ulykka skjedde i krysset ved Nordfjordvegen og Ulvesundvegen og blei meldt klokka 16. 20. Føraren av mopeden er bevisst og vaken, melder politiet. Mopeden ligg utanfor vegbana og det er litt bensinsøl på staden.