Hopp til innhold

Mjøs Persen «stadfestar» at Hordfast er nedprioritert

Den siste tida har fleire signal og uttaler frå regjeringa tyda på at motorvegen og ferjeavløysingsprosjektet Hordfast blir kraftig utsett og nedprioritert i regjeringa sitt forslag til nasjonal transportplan (NTP) for 2025-2036.

Dette vart ytterlegare tydeleg på pressekonferansen der regjeringa i dag avslørte at Nordhordlandstunnelen skal byggast ferdig innan år 2030.

På spørsmål frå NRK om dette er mogleg å prioritere utan å nedprioritere Hordfast, svarte stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen (Ap) :

– Det er klart at politikk handlar om å prioritere. Denne regjeringa er tydeleg på at i NTP skal kvardagsvegane prioriterast. Her er eit døme på at vi må bygge nytt for å bygge trygge kvardagsvegar, sa Persen, som er leiar for transportkomiteen på Stortinget.

Marte Mjøs Persen (Ap) under pressekonferansen på Hylkje i Bergen om at Nordhordlandstunnelen på E39 kjem inn i regjeringas forslag til nasjonal transportplan og skal byggast ferdig innan 2030.
Foto: Benjamin Dyrdal / NRK