Hopp til innhold

Midlar til Strynefjellstunnelane i Nasjonal transportplan

Riksveg 15 og Strynefjellstunnelane får 5,9 milliardar kroner i Nasjonal transportplan for perioden 2025–2036. Det kom fram på eit pressetreff i Stryn i kveld.

– I dag er vegen utrangert. Han er bratt og svingete, og han når ikkje dagens krav til standard når det gjeld tunnelar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Ministeren svarar ikkje på når tunnelen vil stå ferdig, men seier at regjeringa no fullfinansierer tunnelen og at han skal byggast i løpet av transportplanperioden, som går frå 2025-2036.

Strynefjellet er den kortaste vegen for å frakte varer frå Nordfjord og Søre Sunnmøre til Austlandet. Han er ferjefri, men han er også sterkt rasutsett, og dei smale og lange tunnelane har i årevis skapt problem for yrkessjåførar. I fleire år har dei vore redde for at dramatiske ulykker kan skje, dersom ikkje tunnelane blir utbetra.

Mangeårig yrkessjåfør Rolf Olav Tenden (70) har i lang tid jobba for å utbetre tunnelane, men var skeptisk til om vegen ville få midlar i NTP.

– Difor er det ein glededag når vi får denne beskjeden her, det er heilt fantastisk, seier Tenden.

Fleire gongar har utbetringar blitt nedprioriterte. I fjor var signala frå Statens vegvesen at rv15 ikkje ville bli prioritert i NTP, grunna stor kostnadsauke frå referansekostnaden som var lagt i grunnlaget til NTP for 2022–2033. Men no har altså regjeringa bestemt å prioritere denne vegen.

– Det er på høg tid at vi prioriterer å gjere noko med Strynefjellstunnelane, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp), leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Vegen er mykje brukt av turistbussar, personbilar og bubilar på sommaren, noko som gjer at det er stor variasjon i trafikkmengda. Brannsjefar i omkringliggjande kommunar har tidlegare etterlyst utbetring av tunnelane, og i 2021 var det dramatiske scener som spelte seg ut, då ein bil byrja å brenne i Oppljostunnelen.

Vegen er om lag 280 kilometer lang og går mellom Måløy i Vestland, via Møre og Romsdal, og ender i Otta i Innlandet.

Mangeårig yrkessjåfør Rolf Olav Tenden (70)
Foto: Henning Levold