Hopp til innhold

MC-førar skadd på Bømlo – bilistens førarkort beslaglagt

Politiet fekk kl. 17.18 melding om eit trafikkuhell mellom bil og motorsykkel i ei rundkøyring på Bremnesvegen på Bømlo.

MC-føraren, som er tatt med i ambulanse, var vaken og medviten, men hadde smerter i arm og fot. Skadeomfanget ut over dette er uvisst, melder Sør-Vest politidistrikt.

Klokka 18.20 er politiet ferdige på staden. Dei mistenker at bilføraren braut vikeplikta. Førarkortet er derfor beslaglagt. MC-føraren var ein mann i slutten av 30-åra, bilføraren ei kvinne i slutten av 70-åra.