Hopp til innhold

Marte Mjøs Persen opnar for attval til Stortinget

Marte Mjøs Persen opplyser til NRK at ho er open for å ta attval til Stortinget. Den tidlegare bergensordføraren er inne i sin første periode i nasjonalforsamlinga for Hordaland.

Denne helga får ho truleg attval som fylkesleiar i Vestland Ap. Det blei berre spelt inn ein motkandidat frå eitt lokallag, ifølgje valnemndleiar Kamilla Karlsen.

Mjøs Persen måtte gå av som arbeids- og sosialminister i haust, og blei då leiar for Aps transportfraksjon på Stortinget.

Marte Mjøs Persen (Ap).
Foto: Hanna Johre / NTB