Hopp til innhold

Mann sikta for kroppskrenking mot kvinne

Ein mann i 40- åra er pågripen og sikta for kroppskrenking mot ei kvinne i 40-åra. Hendinga skjedde natt til i dag i bergensområdet. Sikta sit i arresten, opplyser jourhavande Lasse Solheim.
Han kan per no ikkje seie meir om hendinga eller dei involverte, og har ikkje oversikt over skadeomfanget til kvinna.