Hopp til innhold

Mann lauslaten etter politiaksjon på Aker Solutions Stord

Mannen som er sikta for kroppsskade etter ein politiaksjon på Aker Solutions på Stord i mai, er no lauslaten frå varetektsfengsling.

Han vart fengsla i fire veker etter hendinga, men vart lauslaten måndag, fortel politiet til Bergens Tidende.

– Han er sikta for det same, og etterforskinga held fram. Men det var ikkje lenger grunnlag for å halde han i varetekt, fortel politiadvokat Torkel Tjørhom Fandrem i Sørvest politidistrikt til avisa. Han kan ikkje gi detaljar om kvifor.

Det var tidleg om morgonen 5. mai i år at politiet aksjonerte mot mannen, som oppførte seg utagerande på Aker Solutions sitt område.

Då politiet kom fram skal mannen i 40-åra blant anna ha vore fysisk med ei politikvinne. Politiet losna to varselskot og brukte elektrosjokkvåpen for å få kontroll på mannen.

Han er no sikta for kroppsskade mot ei politikvinne og mot to offentlege tjenestepersonar. Det er starta ei rettspsykiatrisk undersøking for å avklara om mannen var tilrekneleg.