Hopp til innhold

Mann i 40-åra mistenkt for luftgeværskyting mot skule

Ein mann i 40-åra er mistenkt for å ha skote med luftgevær mot vindaugsruter på Krohnengen skole i Bergen. Det bekreftar politiet til BA.

Foreldre og elevar blei tysdag informert om at 13 ruter på skulen var skotne med luftgevær i løpet av påsken.

Politifullmektig Camilla Graue Eide seier til avisa at politiet vil gjere avhøyr av vitne og undersøke skadar på rutene, samt etterforske korleis rutene faktisk er blitt knust.