Mann dømd for dødsulukke
Ein mann i 20-åra er dømt til åtte månadar i fengsel, der ein av månadane er på vilkår.
Mannen var tiltalt for aktlaust drap etter å ha køyrd på ei kvinne som kryssa vegen i Sandviken den 7. oktober 2023. Kvinna omkom etter ulukka.
Mannen er dømd til å betale over 1,2 millionar kroner i erstatning til dei etterlatne. Han er i tillegg frådømd retten til å køyre bil i 3,5 år.
Bilen hadde ifølge dommen ein fart på 107 km/t like før, men hadde bremsa ned til 91 km/t i det kvinna vart påkøyrd.
Det er 40-sone og ikkje fotgjengarfelt på staden. Viss mannen hadde halde fartsgrensa, viser utrekningar at kvinna ville ha kome seg over vegen då bilen var 22 meter unna.
Mannen har erkjent straffskuld.
– Han godtar dommen og har bestemt seg for å komme seg vidare, seier forsvarar Alexander Sele til Bergensavisen.