Hopp til innhold

Må betale norsk løn

Luftfartstilsynet pålegg DAT å betale litauisk personale norsk løn. Det skriv Firdaposten. Våren 2021 inngjekk staten ei anbodskontrakt med DAT der selskapet ikkje flaug sjølv, men leigde inn sitt litauiske dotterselskap UAB DAT LT til å flyge. Det vart strid då det blei klart at DAT nytta seg av litauisk personale på flygingane mellom Florø og Oslo. No har Luftfartstilsynet komme med pålegg som inneber at dei tilsette skal ha norske rettar