Hopp til innhold

Luftfartstilsynet: – Ikkje aktuelt å sette flytypen på bakken

Luftfartstilsynet har så langt ikkje motteke noko informasjon som tyder på at flytypen som styrta utanfor Sotra skal ileggast bruksforbod. Det skriv dei i ein e-post til NRK.

28. februar styrta eit helikopter av typen Sikorsky S-92 med seks personer vest for Sotra. Ein person omkom.

Luftfartstilsynet har tett dialog med Havarikommisjonen som etterforsker ulykka.

– Havarikommisjonen har sagt at dei ikkje har nokon indikasjonar som tyder på at det er ein teknisk svikt som er årsaka til ulykka, og dermed er det heller ikkje aktuelt å sette flytypen på bakken.

Luftfartstilsynet ønskjer ikkje å kommentere detaljane i informasjonen dei får frå Havarikommisjonen.

Heving av helikoptervrak
Foto: Statens havarikommisjon