Hopp til innhold

Lokførar og ein annan tilsett i Onerail er mistenkte etter togulukka

To tilsette i Onerail AS har status som mistenkte. Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding laurdag kveld. Det er lokføraren på godstoget som spora av, og ein tilsett som har vore med på å gjere toget klart til avgang.

Dei er mistenkte for å aktlaust kalle fram fare for ålmenta eller å medverke til dette. Begge er avhøyrd av politiet. Ingen av dei er sikta.

Politiet opplyser at dei vil halde fram etterforskinga si og at saka framleis er i ei innleiande fase. Dei vil ikkje kommentere saka ytterlegare i kveld.