Hopp til innhold

Lekkasje frå møkkakjellar i Kvam

I Hellestveitvegen i Kvam lek det frå ein møkkakjellar. Lekkasjen er stoppa. Brannvesen er på staden for å hjelpe til med opprydding, melder 110-Vest på X.

Det kan vere opp mot 100-150 kubikkmeter med møkk som har lekka, melder poltiet. Hendinga har skjedd i løpet av natta.

Det har vore tilsette frå kommunen på staden og det ser ikkje ut til å ha hatt stor påverknad på miljø, melder politiet.