Hopp til innhold

Legg vekk dødsfall i tørrdokk

Politiet har lagt vekk undersøkingssaka av dødsfallet til Steffen Mørner Olsen (19). Det opplyser politiadvokat Farzad Izadi til BT.

Olsen døydde då han i ein kveld i oktober fall ned i tørrdokken på Laksevåg i Bergen, der skipet «Statsraad Lehmkuhl» låg inne til reperasjon.