Hopp til innhold

Legg ned bilsalet i Florø

Auto 8–8 legg ned bilsalet i Florø, melder selskapet i ei pressemelding.

Forhandlaren har dei siste åra vore den einaste i Florø.

Årsaka til nedlegginga er at det kostar for mykje og tener inn for lite.

Konsernsjef Terje Sildnes skriv i pressemeldinga at drifta på verkstaden vil halde fram og at dei vil betene kundar etter avtale.

Det er ikkje sett ein endeleg dato for når endringane skal skje, eller kor tid ei ny løysing er klar.