Hopp til innhold

Lange køar på E16 i Bergen

Det er lange køar på E16. Ved rundkøyringa på Trengereid, kor fylkesvegen og europavegen møtast, og cirka ein kilometer aust frå Evanger, kor det er ei pågåande lysregulering, er det søndag ettermiddag lange køar.

– Lysreguleringa ved Evanger har altfor dårleg intervall, og det gjer at det samlar seg enorme køar på begge sider, seier trafikkoperatør Kjetil Gjøn i Vegtrafikksentralen til NRK like før kl. 15.00.

– No har vi bedt om trafikkdirigentar og ventar på å få dei ut. Vi jobbar så fort vi kan for å få ei avklaring på situasjonen og ønsker at alle skal kome seg trygt heim, legg han til.

Han ber folk om å ta omsyn og vere tolmodige.

Kø på E16 ved Trengereid i retning Bergen.
Foto: Webkamera/Statens vegvesen