Hopp til innhold

Landbruksministeren forsvarar avliving av geiter

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) støttar Mattilsynet sin konklusjon om avliving av geitene på Kvist. Det kjem fram i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant Helge André Njåstad, ifølge Sogn Avis.

Borch skriv at eigde dyr har ein utvida rett til vern etter dyrevelferdsregelverket samanlikna med ville dyr, og at dyreeigar ikkje har klart å halde eit forsvarleg tilsyn i stor nok grad.

Villgeiter på Kvist
Foto: Odd Arild Løseth