Hopp til innhold

Lågaste tal drukningsulukker på mange år

Seks personar omkom i drukningsulukker i juni, skriv Redningsselskapet. Dette inkluderer ein seks år gamal gut som omkom etter ein kanovelt i Kyrkjevatnet i Tysnes kommune. Sjølv om talet drukningsulukker er det lågaste på mange år, seier Tanja Krangnes i Redningsselskapet at seks ulukker er seks for mykje.