Kringom blir Skyss
Fylkesrådmannen tilrår Skyss som merkevarenamn for all kollektivtransport i Vestland fylkeskommune. Dermed forsvinn truleg Kringom, som sidan 2015 har vore merkenamnet for kollektivtransporten i Sogn og Fjordane. Fylkesutvalet fattar vedtak torsdag.